av Janne Tveit og Marianne C. Håheim
Vi møter Tove Steinbo (69) heime på Stovner ein tysdag formiddag i januar. Ho tek mot oss på den gode, gamle måten med tøflar, kransekake og te. Rammene rundt intervjuet er koselege, temaet langt meir seriøst. Tove er styremedlem i Foreningen Retten til en verdig død, og vi skal snakke med henne om kampen for aktiv og passiv dødshjelp i Noreg.
Foreningen Retten til en verdig død vart stifta i 1977, og er del av det internasjonale nettverket Fellowship of Right to Die Societies. Per i dag tel organisasjonen ca. 3500 medlemmer. Ei viktig oppgåve er å spreie og skape respekt for dokumentet Mitt Livstestament, som medlemmer får tilsendt ein gong i året. Her skriv ein under på at ein ikkje ønsker livsforlengande behandling i tilfelle store smerter eller tap av medviten livsoppleving. Organisasjonen arbeider også for større sjølvråderett i tilfelle kor døyande har store lidingar.
– Mange melder seg inn i foreininga når dei er relativt gamle, fortel Tove. – Eigentleg burde også yngre menneske melde seg sin. Det er fælt å seie det, men sykdom kan kome når som helst. Det einaste vi veit i livet, er at vi skal døy.
– Har du ein personleg grunn til å engasjere deg i dette, eller handlar det mest om prinsipp?
– Barnebarna mine er van med ei bestemor som er oppegåande. Slik vil eg at dei skal hugse meg. Farmora mi vart dement, og kjente oss ikkje igjen når vi kom på besøk. Det var heilt skrekkeleg. Eg skulle ønske eg ikkje hadde vore der og besøkt henne. Kvar gong eg gjekk derfrå, var eg sønderknust. Slik vil eg ikkje at nokon skal sjå meg.
– Må ein ha opplevd dødelig sjukdom på nært hald for å engasjere seg for dødshjelp?
– Her kan eg berre svare for meg sjølv. Eg har vel alltid vore interessert i døden, og aldri redd for han. Eg trur det starta så tidleg som då eg var 6-7 år, og venninna til tanta mi fekk MS i samband med tvillingfødsel. Ho kom seg aldri på beina att etter fødselen, og døydde fort. Allereie då tenkte eg at eg heller ville døy enn å bli sitjande ufør i rullestol.
– Er spørsmålet om dødshjelp kontroversielt i Noreg?
– Ja, eigentleg. Norske politikarar tør ikkje å ta det opp i valkamp og program, sjølv om ungdomspolitikarane er på glid, og det er vanskeleg å få oppslag på trykk i aviser. Eg trur mange er redde for å snakke om døden. Vi vil ikkje tvinge oss på nokon, men meiner at den einskilde skal ha rett til å velje kva som er best i deira situasjon. Aktiv dødshjelp er ikkje drap. Det handlar om å få hjelp til å oppfylle den einskilde si vilje.
I følgje Tove er motstanden mot dødshjelp størst i legestanden. Ho fortel om ein lege som ofte møter Foreningen Retten til en verdig Død i debattar og stiller spørsmål av typen «Skal vi tvinge nokon til å døy?».
– Sjølvsagt skal vi ikkje tvinge nokon til å døy! Legar skal jobbe for å redde liv, men eg trur at legane må endre fokus, må tenkje at dei vil jobbe for menneskets beste. Eg er overtydd om at det ikkje er bra å forlenge livet til eit menneske som ikkje lenger ønsker å leve, som for eksempel har valdsame smerter eller er dement. Er det til et menneskes beste at det må sulte eller tørste seg til døde ved å nekte livsforlengande behandling? Eg meiner at det er meir humant å setje ei sprøyte, så vedkommande får sleppe lidinga.
I Noreg kan ein ikkje bli straffa for passiv dødshjelp, men for aktiv. Sveits er per no det einaste landet som tek imot menneske frå andre land og tilbyr hjelp til å avslutte livet.
– Viss eg hadde sagt til mannen min at eg ikkje ville leve lenger på grunn av ei diagnose, og han hadde følgt meg til Sveits for å oppfylle ønsket mitt, kunne han ha blitt tiltalt for medverknad til drap. Eg måtte i tilfelle reist åleine.
I den amerikanske delstaten Oregon har The Death with Dignity Act virka sidan 1998. Formålet med lova var å finne fram til korleis ein best mogeleg kunne respektere og beskytte pasientar som ønskte hjelp til å døy, samt beskytte legane som skulle gje denne hjelpa. I dag har legar i Oregon løyve til å skrive ut reseptar på dødelege dosar av medikament til personar med dødeleg sjukdom. Pasienten må sjølv ta medikamentet. Foreningen Retten til en verdig Død har signalisert at dei ser for seg Oregonmodellen som mønsterverdig for norske forhold.
– Korleis går de fram for å spreie bodskapen dykkar?
– Det er eit mål å kome ut blant folk flest og sette saken på dagsorden. Den einaste måten vi kan gjere dette på, er å bruke pressa. Vi må påverke politikarar for eventuelt å få endra lover, og det er eit langt lerret å bleikje.
– Er det ein tendens i samfunnet til at vi ønsker å leve evig?
– Ja, absolutt. I USA kan ein vel frysast ned i påvente av eventuelle vedunderkurar i framtida? Livet set spor. Eg bestemte meg tidleg for at eg ikkje skulle fjerne rynker eller noko slikt. Eg er snart 70 år, og har ikkje noko ønske om å sjå ut som eg er 30. Det er det dummaste eg veit. Ein tenkjer at pensjonistar er «sånn og sånn», men vi er like ulike som de unge er. Og eg ønsker ikkje å leve evig!